Korona-russetida er i gang

Kjell Morten Håland • May 15, 2020
Russepresident Laila Vikenes fortel om korleis dei gjennomførte russedåpen medan skulane framleis var stengde.

- Vi møttes alle saman på videosamtaletenesta Zoom på nettet. På førehand så måtte alle lage si eiga «døgge». Denne drikken skulle innehalde til dømes egg, mjøl og leverpostei. Dette måtte drikkast for å bli «døypte». Vi hadde to «russeprestar» som så kunne fortelje kva for russenamn kvar enkelt russ skulle få, fortel Laila.

I etterkant laga Vestborg-russen ein video der ein presenterer russenamna. (Dersom du kopierer adressa nedanfor inn i ein nettlesar, kan du sjå den artige videoen.)
 
Elles fortel russepresidenten at dei er i full gang med russeknutane, men ho understrekar at russeknutane er tilpassa koronatida.


https://drive.google.com/file/d/1kV2R4GiJIO22de4TqaFe5nSKwOz_PPRU/view