Korona-restriksjonar

Kjell Morten Håland • May 12, 2020
Etter tilrådingar frå Folkehelseinstituttet vert situasjonen annleis i matsalen framover. Buffeten er er vekke, og kjøkenpersonalet må servere maten. Der køen går, er det merka ein meter avstand for kvart medlem av køen.

Elles har elevflokken får to ulike tidspunkt å kome til måltida på, og dei kan berre sitje på annakvar stol.

På biletet ser ein russen som, under kveldsmaten på måndag, er i gang med å teste ut det nye systemet. Det gjekk veldig bra, så dersom elevane er like påpasselege elles som i matsalen måndag kveld,  er det grunn til å tru at går skulen inn i ein virus-fri avslutningsmånad.