Jubilanttreff 2019

Kjell Morten Håland • August 29, 2019
Laurdag 21. september er det jubilanttreff på tunet. Elevar som vart uteksaminerte på Vestborg for 10, 20, 30, 40, 50 og 60 år sidan er velkomne.

På programmet står kullsamlingar, fotografering, festmiddag og deretter kaffi og kaker. Det blir også andakt og framsyning av filmopptak frå farne Vestborg-dagar.

Er du i eit av jubilant-kulla, ta gjerne kontakt med gamle klassekameratar og bli samde om ein mimredag i lag på Vestborg! 
Velkomne!!!
.