Grensesetjing
Kjell Morten Håland • September 2, 2019
Førre veke hadde elevane ei samling der Grete Yksnøy Martinsen i NLM kom med innspel på korleis ein kan ha gode grenser i livet sitt.
Ho sa mellom anna:
- Når gode grenser vert brotne, vert vi såra og trakka på.
- Når gode grenser vert haldne, så utfaldar vi oss og opplever fridom og tryggleik.
- Om kroppen: Øv på å vere takksam for kroppen du har. Kanskje kan du bruke kroppen din til å hjelpe andre.
- Om sjela: Det er godt for sjela med gode ord, bli sett og bli anerkjent – og hjelpe andre. Det er vondt for sjela med stygge ord, meldingar og blikk.
- Om det andelege perspektivet: Ein treng påfyll gjennom bibel, bøn, nattverd og fellesskap.
Yksnøy Martinsen tok utgangspunkt i at mennesket er skapt i Guds bilete, og så la ho til:
- Kva med å tenke annleis om våre medmenneske? Kva med å tenke på våre medmenneske med Guds perspektiv?