Vestborg-Jarle i valdebatt
Kjell Morten Håland • September 2, 2019
På fredag var det valdebatt i gymsalen på Vestborg.
Valdebatten var eit samarbeid med Stranda vidaregåande skule, og dei ulike partia stilte med representantar i debatten.
VG3-elev på Vestborg, Jarle Isene, var KrFU sin representant under debatten. vestborg.no fekk ein kjapp prat med han etter debatten.
- Eg var veldig nervøs på førehand, og eg opplever at eg kunne gjort det betre. Likevel er det viktig å ha noko strekke seg etter, seier Jarle, før han raskt måtte setje kursen mot KrF-standen på valtorget.
Elles var det ein travel dag for unge herr Isene. Saman med resten av debattgjengen, så fór han etter valtorg-sekvensen til Sykkylven vidaregåande skule for å køyre ein ny runde med debatt og valtorg.