Jubileums-julemesse på laurdag
Kjell Morten Håland • November 19, 2019
vestborg.no stakk innom kjøkkenet på Vestborg måndag denne veka. Der var det full fart og full konsentrasjon i stå-på-gjengen som førebur julemessa. I ikring fem timar pynta dei kransekaker som vert å kjøpe på julemessa.
Leiar i Vestborg-foreininga, Bjørg Sve, ser fram til laurdag.
- Vi har eit innhaldsrikt program, og eg gler meg til messedagen. Dette er den 40. messa, så vi har eit aldri så lite jubileum, seier ho.
Vestborg-foreininga er ein flott gjeng med 13 kvinner som møtast ikring kvar tredje veke.
- Vi har fyrst ein andakt. Deretter har vi matfellesskap, før vi tek fram handarbeidet vårt. Produkta som vi lagar sel vi på julemessa. Etterpå førebur vi julemessa med ulikt komitearbeid. I praksis så førebur vi julemessa heile året. Det er MYKJE arbeid, men messa er ein festdag – både for oss og for skulen, seier ho.
vestborg.no vart fortald at i fjor kom det inn ikring 160-170 000 kroner.
- Alle er velkomne til julemessa. Her er det mogleg å vise støtte til Vestborg, seier Bjørg.
Bjørg, som er leiar for Vestborg-foreininga – ein veldig viktig støttespelar for skulen!