Kompetansemål-besøk

Kjell Morten Håland • November 23, 2019
Jan Ove Harsjøen har vore lam sidan ei trafikkulukke han var ute for i slutten av tenåra. Eit av kompetansemål i sosialkunnskap er dette: «Beskrive og analysere utfordringer funksjonshemmede kan møte og vurdere tilrettelegging for aktiv deltakelse i samfunnet». Difor var Jan Ove invitert til Vestborg og sosialkunnskapsklassen for å fortelje om livet som funksjonshemma.

Maria Langeland er ei av elevane i klassen. Ho fortel dette etter dobbeltimen med Jan Ove:

- Foredraget til Jan Ove var verkeleg inspirerande og gjevande å høyre på. Det var open samtale mellom oss elevane og han heile vegen, noko som gjorde at vi følte at det var greitt, og ikkje tabubelagt, å spørje om det vi lurte på - og han svarte ope og ærleg! Det var veldig lærerikt for oss å høyre meir om korleis livet med ei funksjonshemming er, og at det ikkje nødvendigvis treng å bety at ein ikkje kan fortsette å ha draumar og mål for framtida. 

Det var også interessant å få høyre om både utfordringar og godar som ein funksjonsvariert opplever, samt positive og negative sider ved å ha ei funksjonshemming i Noreg i dag.