Om julemessa: - Fantastisk dag!
Kjell Morten Håland • November 28, 2019

Leiar for foreininga som på laurdag arrangerte julemesse på Vestborg, Bjørg Sve, er storleg nøgd med dagen.
- Vi fekk inn ikring 171 000 kroner! fortel ho.
- Korleis vil du summere opp dagen?
- Dersom eg skal bruke eitt ord, så vel eg ordet fantastisk! Resultatet, programmet, stemninga blant alle dei som vitja messa, samt innsatsen til kollegaene mine – ja, heile dagen var fantastisk!
Nedanfor kan du sjå nokre bilet-glimt frå messa. Bileta er elles tekne av Sondre Stensbøl som hjelpte til med å ha tilsyn på skulen denne helga.