Ledig stilling som kjøkken- og internatassistent

Vi har ledig midlertidig stilling som kjøkken- og internatassistent.

 

Vestborg VGS er ein kristen vidaregåande skule med internat, som ligg i Stranda kommune på Sunnmøre. Skulen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband.

 

Vestborg VGS tilbyr utdanningsprogramma studiespesialisering, idrettsfag og påbygging. Skulen har om lag 120 elevar frå store delar av landet, og dei fleste bur på skulen sitt internat. Dei tilsette tek del i tilsynsordning og sosialpedagogisk arbeid i internatet.

 

Meir info om skulen på www.vestborg.no

 

Kjøkken- og internatassistent - inntil 100 % stilling

På grunn av auke i elevtalet treng vi kjøkken- og internatassistent i inntil 100 % stilling. Stillinga er i utgangspunktet midlertidig til 30.06.2027, men den kan bli gjort om til fast stilling.

 

Arbeidsoppgåver er reinhald, tillaging av måltid og opprydding etter måltid. Arbeidet er organisert i turnus med arbeid kvar tredje helg.

 

Vi tilbyr lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtale.

 

Den som blir tilsett må levere politiattest.

 

Vi ønskjer tilsette som kan identifisere seg med verdigrunnlaget vårt og som vil jobbe for den kristne målsetjinga til skulen.

 

For spørsmål eller informasjon kontakt rektor Jon Ove Holen, rektor@vestborg.no,  tlf. 92 06 52 12. 



 

Søknad, CV og referansar kan sendast til: rektor@vestborg.no


Søknadsfrist:  07.12.2026


Oppstart: Så snart som mogleg