Kurs i drøfting

Fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, Pernille Fiskerstrand, tok siste onsdag i november turen til Vestborg for å ha kurs i drøfting.
Kunsten å drøfte er ein viktig dugleik både i vidaregåande skule og på høgskule- og universitetsnivå.
Pernille kom inn på tema som
- Korleis bygge ei god drøfting
- Organisering av argument
- Gode ord og uttrykk i ein drøftande tekst
Elevane syntest å følgje godt med og arbeide godt undervegs med oppgåvene som vart gjevne.
Alt i alt var det ei nyttig økt for elevane, både med tanke på Vestborg-tida og på kva som kan møte dei etterpå.




