Vellukka julemesse

December 12, 2025

Laurdag 22. november var det storsamling i gymsalen på Vestborg. Den dyktige gjengen i Vestborg-laget arrangerte nok ein gong ei vellukka julemesse.
 
Kaker vart selde. Graut vart seld. Handarbeid vart seld. Lodd vart selde. Lars Kjetil Emblem haldt andakt. Stranda Soul Children song. KorHerleg song. Folk kom!
Akkurat sånn som det skal vere på ei Vestborg-julemesse!
 
Til saman kom det inn heile kr 208 000,- til skulen.
 
Tusen takk til alle som bidrog!!! 

Kransekaker

Tombola-gevinstar