Vestborg i RM i volleyball

Volleyball har ein sterk posisjon på Vestborg og mange av elevane nyttar fritida si på å få betre dugleikar sine innan i idretten. Eit høgdepunkt er den årlege regionmeisterskapen for vgs.
Den 3. november stilte Vestborg med tre lag under meisterskapen.
Mix-laget kom på 2. plass, gutelaget på 3. plass og jentelaget på 4. plass i respektive klassar.
Simianne Bakke frå jentelaget var veldig nøgd med dagen i Ulsteinvik.
- Vi hadde det veldig gøy , og vi koste oss. Vi tenkte ikkje så masse på korleis vi gjorde det, men vi fokuserte heller på å ha det gøy og samarbeide godt som lag, noko som førte til at vi presterte betre - sidan vi ikkje følte på et press om å vinne.
På det øvste biletet finn du jentelaget, medan gutelaget og mix-gjengen er å sjå under.

Gutelaget

Mix-laget




