Kvardagsglimt: Fagdag
Kjell Morten Håland • January 31, 2020
Kvar fredag har vi fagdag på Vestborg. I løpet av ei vanleg måndag-til-torsdag-veke, så har elevane ein time mindre på timeplanen enn det ein kan ha på andre skular. Den siste timen tek ein igjen på fagdagar, og elevane har då åtte timar med i eitt fag. Dette systemet gjer at ein og annan fredag vert studiedag, og elevane får då høve til å ta ei langhelg heime. Unnataket for dette med studiedagar på fredagar er dei som har vald idrett.
Fagdagar gir fleire fordelar. Til dømes kan ein leggje både prøvar og heildagsprøvar til fagdagar. Dersom ein vel å ha vanleg undervisning, så er det rom for å gå djupare inn i kompetansemåla.
På bileta kan ein sjå glimt frå fagdagen til faget sosiologi og sosialantropologi førre fredag. Der var det stort engasjement då ein skulle lage «kunstverk» med temaet «Vestborg». Bakgrunnen for aktiviteten var å få innsikt i ulike organisasjonsteoriane ein kan dele arbeid inn i. Ein kan også av bileta sjå at «Quizlet», ein aktivitet som liknar på Kahoot, gav stort engasjement.