- Fantastisk helg som tilsyn!
Kjell Morten Håland • February 13, 2020

Vestborg er velsigna med at tidlegare elevar hjelper til med å ha tilsyn. For nokre helger sidan trødde Astrid Brakstad (til venstre) og Ida Oline Rønneberg (til høgre) til med god hjelp.
Begge to held seg til vanleg i hovudstaden. Astrid studerer fysioterapi, medan Ida Oline tek sosionomutdanning ved Diakonhjemmet. Overgangshelga mellom januar og februar var den fyrste gongen Astrid og Ida Oline, som var russ i 2015, hjelpte til med tilsyn. Det viste seg at det var ei veldig god oppleving.
- Vi hadde ei fantastisk helg på Vestborg som tilsyn! Vi kosa oss veldig og vart veldig minna på kor godt vi hadde det på Vestborg. Ja, vi set enormt stor pris på alt personalet gjorde for oss – og for det dei framleis gjer for elevane, fortel Astrid og Ida Oline.
Dei held fram:
- Det å velje å gå på Vestborg er det beste valet vi har gjort! Utan Vestborg har vi gått glipp av så mykje av det gode livet har å by på. På Vestborg fekk vi nære vener – venskap som vi har hatt mykje glede av i åra etterpå. Dessutan hadde vi ikkje byrja på Ungdom i oppdrag sin Disippeltreningsskule. Med andre ord har Vestborg også hatt mykje å seie for trua vår på Jesus.
Internatleiar Søgni Muren har ansvaret for å setje opp tilsynslistene. Ho er veldig takksam for tidlegare elevar som stiller opp for skulen.
- Vi har i nokre år hatt denne ordninga. Dette er positivt av minst tre grunnar. For det fyrste ser det ut til at dei trivast med oppgåva. For det andre så er det veldig god hjelp for skulen, og for det tredje så er det veldig kjekt å sjå igjen tidlegare elevar. Dette er ein vinn-vinn-situasjon! seier Søgni.