Ekstra kick-off
Kjell Morten Håland • February 13, 2020
Mellom anna på grunn av sjukdom, så fekk ikkje alle som hadde meldt seg på vere på kick-off.
Difor arrangerer skulen ein ekstra kick-off 28.-29. februar. Der er også andre som vurderer å byrje på Vestborg til hausten velkomne.
Kick-off startar med middagen kl 16 fredag 28. januar.
I løpet av fredag og laurdag føremiddag vert det lagt opp til at ein vert kjend med elevane som allereie går på Vestborg. Det vert aktivitet både i gymsalen og i russekiosken, samt omvisning på skulen. Ja, ein får rett og slett oppleve Vestborg på nært hald.
Opphaldet er gratis. Ta med sovepose, laken og klede til gymsalaktivitet.
Påmelding via info@vestborg.no