Ruben på jobb for Vestborg
Kjell Morten Håland • February 27, 2020
Ruben er ein av ni elevar som gjer løna arbeid på kjøkkenet på Vestborg.
- Oppgåvene er enten å rydde etter middag, eller å lage til og deretter rydde etter kveldsmat. Alle elevane som bur på internatet har kjøkkenteneste på dugnad etter tur. Difor får den av oss ni som er på jobb hjelp av tre elevar med oppvasken etter måltidet, fortel Ruben.
vestborg.no får ein prat med Ruben under eit kveldsmåltid. Han fortel at han trivst med oppgåva.
- Det er ei veldig fin oppgåve å ha. Til dømes så tek denne oppgåva ikkje så mykje tid. Dersom eg ikkje er på vakt, så sit eg likevel og pratar i matsalen til dei er ferdige med oppryddinga på kjøkkenet.
- Kva for fordelar er det med å ta eit sånt ansvar?
- For det fyrste så tenar eg pengar, og for det andre så det ein veldig god start på arbeidslivet. Den erfaringa eg får er kjekk å ha på CV-en. For det tredje så er det ein triveleg jobb, forklarar han.
PS! I tillegg til desse ni på kjøkkenet, så er det ein gjeng som vaskar fellesrom på skulen. Desse ordningane har Vestborg hatt i fleire år. Dersom du er ein elev som skal gå på Vestborg til hausten, så er du velkomen til å sende inn søknad dersom du ynskjer å få ein av desse nemnde jobbane.