Ledig stilling som lærar - idrettsfag

Vi har ledig vikariat som lærar i idrettsfag frå 1. mars 2025.

 

Vestborg VGS er ein kristen vidaregåande skule med internat, som ligg i Stranda kommune på Sunnmøre. Skulen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband.

 

Studieretningane ved Vestborg VGS er studiespesialisering, idrettsfag og påbygging. Skulen har om lag 90 elevar frå store delar av landet, og dei fleste bur på skulen sitt internat. Dei tilsette tek del i tilsynsordning og sosialpedagogisk arbeid i internatet.

 

Meir info om skulen på www.vestborg.no

 

Lærar i idrettsfag, vikariat 85 % stilling

Frå 1. mars 2024 treng vi ein lærar med undervisningskompetanse i idrettsfag. Stillinga er eit vikariat i ca. 85 % stilling, i første omgang ut skuleåret, men vikariatet kan bli forlenga ut skuleåret 2025/2026.

 

Vi søkjer etter ein godt kvalifisert lærarar som kan samarbeide i eit tett og godt kollegium, og som kan trivast i eit spennande internatmiljø. Internatet gjev mange sosialpedagogiske og pedagogiske fordelar som ein kan dra nytte av inn imot undervisninga.

 

Vi tilbyr lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk. Gode pensjonsordningar.

 

Den som blir tilsett må levere politiattest.

 

Vi ønskjer tilsette som kan identifisere seg med verdigrunnlaget vårt og som vil jobbe for den kristne målsetjinga til skulen.

 

For spørsmål eller informasjon kontakt rektor Jon Ove Holen, rektor@vestborg.no
tlf. 92 06 52 12. 

 

Søknad, CV og referansar kan sendast til: rektor@vestborg.no   

Søknadsfrist: 25.11.2024

Oppstart: 01.03.2025