MENY

 Er du vår nye miljøarbeidar?


Vestborg VGS er ein kristen vidaregåande skule med internat som ligg i Stranda kommune på Sunnmøre midt i fantastiske Sunnmørsalpane. Skulen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband.

 

Frå 15. august 2024 treng vi to miljøarbeidarar som likar å vere aktiv og sosial ilag med andre. Dei skal jobbe inn imot den fantastiske elevflokken vår, og arbeidsoppgåvene blir i stor grad å vere sosial i miljøet og arrangere ulike aktivitetar og møte etter skuletid og i helg. Miljøarbeidarane kan óg vere med på nokre av turane med idrettsfag. Dei jobbar i team med ungdomsarbeidaren vår.

 

Studieretningane ved Vestborg VGS er studiespesialisering, idrettsfag og påbygging. Skulen har om lag 80 elevar frå store delar av landet, og dei fleste bur på skulen sitt internat. Dei tilsette tek del i tilsynsordning og sosialpedagogisk arbeid i internatet. Vi ønskjer tilsette som kan identifisere seg med skulens verdigrunnlag og som aktivt vil jobbe for den kristne målsetjinga ved skulen.



Meir info om skulen finn du på heimesida: www.vestborg.no

 

Stilling: Midlertidig stilling frå 15. august 2024 til 15. juni 2025.  

Stillingsstørrelse: 50-100%. Løn etter Misjonssambandets retningslinjer for eittåringar. 

 

Dei som blir tilsett må levere politiattest.

 

For spørsmål eller informasjon kontakt rektor, Jon Ove Holen, jholen@vestborg.no.

 

Søknad, CV og referansar kan sendast til:

Hevsdalsvegen 11, 6200 Stranda – epost: info@vestborg.no       

 

Søknadsfrist: 15. april 2024

 

 


Share by: