Moses og Jesus, advent og jul med Ole Os

Kjell Morten Håland • December 4, 2020
2. desember var det igjen duka for onsdagsmøte. Kvar onsdag denne hausten har det vore enten Life-gruppe, lagsmøte eller «vanlig» onsdagsmøte, som har gitt elevar og tilsette åndeleg føde.

Denne gongen fekk vi besøk av Ole Os. Simon opna møtet med Romarane 13, mens Ole tok utgangspunkt i Det gamle testamentet. Ole har for vane å overraske med samanhengar som ikkje alltid er så lette å sjå. Han byrja å tale om ein vi trudde var Jesus, men det viste seg at det var Moses i 2. Mos 2 det handla om. Til slutt var det likevel klart at det var Jesus i Lukas 2 som blei forkynna. Viss ein les kapittelet frå Det gamle testamentet i lys av Det nye, vil ein kunne sjå samanhengar som opnar Skrifta. Dermed kan ein vel seie at også 2. Mos 2 handlar mykje om jul og Jesu komme til verda, slik som det gjer i Lukas 2.

Vi utfordrar alle til å lese og leite, og ønsker dykk med dette ei velsigna adventstid!