Med bål og fellesskap utan mobiltelefon

Kjell Morten Håland • November 26, 2020

Denne hausten er det nye læreplaner på vg1 i vidaregåande skule. I planen er mellom anna målet at elevane skal jobbe med ulike tema på tvers av fag. For vg1 på Vestborg var det denne veka fokus på tema "Folkehelse og livsmeistring". Lærarane i faga kroppsøving, naturfag og kristendom hadde gått saman og planlagt ein dag med undervisning ute i naturen.


Etter ein bolk med undervisning vart elevane delt inn i grupper som skulle lage sin eigen lunsj. På menyen stod det grønsaksuppe med brød og ulike grønsaker, noko som smakte utruleg godt ute i skogen. Etter lunsj jobba elevane med ulike case knytt til tema der ein diskuterte kva innverknad fysisk aktivitet, kosthald og søvn har på den psykiske helsa. I tillegg fekk alle ein salme frå bibelen som dei skulle lese og reflektere over åleine på ein stubbe i skolen. Noko som skulle minne oss på kor viktig det er å være stille for Gud og søke han utan å bli uroa av mobilen eller andre ting som tar tida vår. 


Elevane var godt nøgde med dagen som vart ein annleis og lærerik dag for alle. 


Geir Magne