Nett- og telefonsal reddar avlyst julemesse
Kjell Morten Håland • November 11, 2020
(Trykk "Les meir" for å få fram heile saka og salsliste). Det er på mange måtar tankevekkande å sjå på bildet over. Kor heldige har vi vel vore som har mange rike minne frå julemessa frå tidlegare år. I år blei det først planlagd julemesse laurdag 21. november, så eit mindre arrangement same helga. Etter dei siste reglane for koronasituasjonen, har vi ikkje høve til å arrangere messe denne hausten.
Også
dette skuleåret er elevtalet litt lavt. Pengane frå julemessa er dermed svært
viktige for oss. Vi inviterer dykk derfor til å ta kontakt med skulen for kjøp
av lodd og julebakst.
-Ring Liv
Kari Ringstad på tlf. 971 37 559.
Salgsvarar
(noko er allereie borttinga):
-Smurte
lefser
-Gjærstenger
-Aniskringler
-Vørterbrød
-Riflekjeks
(sprut)
-Sjokoladebrød
-Konfektkaker
-Hausfreunde
-Serinakaker
-Goro
-Bordstabel
-Berlinerkranser
-Sjakkruter
-Sandnøtter
-Krumkaker
-Saft,
rips og solbær/rips
-Tyttebærsylte
-Flatbrød
Betaling
med Vipps eller kontantar, avhenting på skulen laurdag 21. mellom kl. 12 og 14
Vi ønsker
dykk ei velsigna førjulstid!