Nye tilsette

Kjell Morten Håland • August 13, 2019
Dette skuleåret har vi førebels berre ein ny tilsett i staben. Håkon Orset frå Torvikbukt på Nordmøre skal vere miljøarbeidar. Han var russ ved Vestborg i 2017, og har i åra etter vore 1 ½ år i militæret som hundeførar ved grensa til Russland, samt gått Læresveintreningsskule (DTS) i New Zealand i Ungdom i oppdrag det siste halve året.

Framleis kunne skulen godt ha tenkt seg å få tilsette som kan dekkje fag som engelsk og tysk.

Elles skal lærar Roar Holte over i ein ny jobb i løpet av hausten, så Vestborg treng også nokon som kan undervise i matte og naturfag frå i haust av.

I sommar gjekk inspektør Eva Habostad og administrasjonssekretær Svein Lars Ringstad av med pensjon. Bodil Breivik Bø vert no inspektør og overtek Eva si rolle, medan Svein Lars vil jobbe ikring ein dag i veka for å hjelpe skulen. Dei andre oppgåvene hans er så godt som råd er fordelte på andre.