Utviklingsminister Dag Inge Ulstein

Kjell Morten Håland • August 13, 2019
vestborg.no har møtt tidlegare Vestborg-elev og noverande utviklingsminister Dag Inge Ulstein i Tekjøkkenpraten. Ulstein var så raus at han sette av tid til ein prat med Vestborg si heimeside etter ein hektisk møteverksemddag. Torsdag 31.1. var siste frist for å setle budsjettet for 2019, og det var ein nøgd minister som vestborg.no møtte etter regjeringskonferansen. Budsjettet til departementet hans ligg på oppimot 40 milliardar kroner.

I staden for å ha intervjuet på eit av skulen sine tekjøkken, var det meir praktisk å ta praten i Oslo. Dermed vart det ein triveleg drøs i sofagruppa på Ulstein sitt kontor i Utanriksdepartementet si bygning, Victoria terrasse, ikkje langt frå slottet i hovudstaden.

Inne på ministerkontoret gjekk vi rett på kjernespørsmålet.

- Kva har åra på Vestborg hatt å seie for deg?

- Eg gjekk på Vestborg frå 1996 og var russ i -99. Det å få gå på Vestborg var utruleg viktige år for min del. Eg opplevde trivsel og gode lærarar. Mellom anna hadde eg verdas beste norsklærar, Kjetil Dybvik. Han gav oss elevar mykje rom. Eg fekk også mange gode venskap. Elles var Vestborg viktig i høve til tru. Eg vart tryggare som kristen, og eg fekk utfordringar. Ei utfordring som var ekstra viktig, var året i 1. klasse då eg var leiar i ungdomsklubben «Kula» i Hellesylt. Ein gong i veka drog vi ein liten gjeng Vestborg-elevar for å halde klubb. Gjennom dette arbeidet fekk utruleg viktig leiarerfaring og ansvar. Elles vart eg utfordra og involvert med å arrangere møter og ta ansvar på bibelgruppe. Det var kanskje stress der og då, men det var samtidig viktig for trua mi, seier Ulstein.

Då han var VG3-elev, var han med på misjonstur til Afrika. Føremålet med turen var å skaffe informasjon for å inspirere til å samle inn pengar til Vestborg-russen sitt prosjekt.

- Eg har sagt i intervju med Morgenbladet, TV2 og NRK at turen til Elfenbeinkysten er ein direkte årsak til eg no sit som utviklingminister. Der vart det sterke møter med menneske som sette sitt preg på meg. Eg fekk også sjå kor stor endring utviklingsarbeid kunne gjere med menneske ved å satse på helse, vatn og utdanning. Turen til Elfenbeinskysten skapte engasjement i meg og sette retning for eigne verdiar og karriereval.

- Har du eit råd til dagens Vestborg-elevar?

- De er veldig heldige som får gå på Vestborg og få møte så engasjerte lærarar som vil det beste for dykk – og for heile livet dykkar. Det er inga sjølvfølgje. Eg vil utfordre dykk til å tenkje gjennom korleis de kan bruke eigne styrkar til å gjere ein forskjell for andre. Då eg var elev på Vestborg, ville eg gjerne bety ein forskjell for andre, men hadde aldri tenkt at eg skulle verte utviklingsminister.

Etter Vestborg har Ulstein, i tillegg til å engasjere seg i Salem i Bergen, teke ein bachelorgrad i teologi og teke arbeid- og organisasjonspsykologi. Han har også fått utdanna seg som samlivsterapeut ved Modum Bad. Desse erfaringane har gjort at han har leia samtalesenteret og vore utviklingssjef ved Haraldsplass Diakonale Stiftelse. Dessutan har han vore sosialbyråd i Bergen med ansvar for til dømes rus og psykiatri. Då han 22. januar vart utnemnd til statsråd, kom han frå jobben som finansbyråd i Bergen.

- Kva gler du deg til i den nye jobben?

- Det er ein utruleg spennande jobb. Eg vil gjerne fighte for å at dette landet skal prioritere å hjelpe andre, og derfor er eg glad for at vi nå har fått nesten 40 milliardar kroner på budsjettet vårt. Elles vert det viktig for meg å engasjere andre, og difor har eg lyst å reise rundt å vitje skular, universitet og folkehøgskular. Det er fleire som sultar no i 2019 enn for to år sidan. Det vil eg vere med på å gjere noko med, og eg vil gjerne vere med å vekke og engasjere ein ny generasjon!

Journ. anm: Dette er ein relansering av ein tekst skriven i februar i år.
J