MENY

Nytt tilbod: World Cup i skiskyting og VM på ski!

Feb 09, 2023

Nytt tilbod: World Cup i skiskyting og VM på ski!

Allereie i neste månad reiser idrettselevane i vg3 til Östersund i Sverige for å jobbe som frivillige under verdscupen. Der skal dei vere med å leggje til rette for at Johannes Thingnes Bø & co skal ha best mogleg tilhøve når dei skal konkurrere om viktig verdscuppoeng. (Sjå eiga sak)


Komande skuleår, i månadsskiftet november/desember, skal neste års idrettselevar på vg3 til Östersund i same oppdrag.

Ikkje nok med det. Alle som er idrettselevar på Vestborg skuleåret 2024-25 får vere med som frivillige på VM på ski i Trondheim i februar/mars 2025.


Idrettslærar Anders Nybakk er glad for å presentere dei nye planane.


-Dette blir kjempebra! Vi er veldig glade for å få til eit samarbeid med arrangørane av så store arrangement. I Östersund har vi veldig god dialog med Ulrika Öberg og Linda Rönnberg i det svenske skiskyttarforbundet. Dei har lagt til rette med både arbeidsoppgåver, kost og losji – så vi opplever vi kjem til duk og dekka bord. I Trondheim har vi kontakt med Patrik Jemteborn, som er leiar for dei frivillige. Trondheim2025 ynskjer at ski-VM skal bli ein folkefest i heile landet. Difor er vi i ein spanande planleggingsfase der Vestborg ligg an til å verte ein pilotskule med tanke på å skape blest på Sunnmøre om VM. I tillegg skal, i løpet av dei to vekene VM varer, alle idrettselevane våre vere i Trondheim minst ei veke for å jobbe som frivillige. Dette blir store opplevingar for elevane våre, og det å få delta som frivillige på desse arrangementa passar godt inn med kompetansemål i ulike idrettsfag. Så langt eg veit, så er det ingen andre vidaregåande skular som kan tilby sine idrettselevar sånne opplevingar. Dette er heilt unikt, og vi gler oss storleg til 2x Östersund og 1x Trondheim dei næraste åra!

Share by: