MENY

Tekjøkkenpraten: Anne Marte Seljehaug

Feb 09, 2023

Anne Marte Seljehaug er frå Averøy og går i vg3 på Vestborg. I tillegg til skulearbeid, sosiale aktivitetar og møter, så kosar ho seg med å vere med i miljøteamet på skulen. Her fortel ho korleis det er å vere elev på Vestborg.


-       Det har vore veldig, veldig bra å vere elev på Vestborg desse åra. Eg skal nyte dei månadane som er igjen, men eg gruar meg til å slutte, seier ho.
 
 

-       Kva har Vestborg hatt å seie for deg?
 
 

-       Her har eg blitt forma, og her har eg fått utvikla meg. Eg har funne meg sjølv, blitt litt meir vaksen, fått masse kunnskap og eg har fått vener for livet.
 
 

-       Korleis har du utvikla deg?
 
 

-       Før eg byrja på Vestborg var eg sjenert og hadde vanskar med å snakke høgt framføre andre. Her har det blitt heilt naturleg å gje beskjedar i forsamlingar og leie ulike arrangement. Eg har blitt endå betre kjend med meg sjølv og lært å stå på eigne bein. Eg har også fått ein tryggleik som gjer det så mykje enklare no enn før å kome i kontakt med personar som eg ikkje kjenner.


Anne Marte fortel vidare om kvardagsgleder som Vestborg byr på.


-       Av kvardagsgleder er middagen eit høgdepunkt. For det fyrste får vi god mat, og eg er imponert over kva kjøkkengjengen Dana, Bjørn, Eli Anne og Au får til dag etter dag, veke etter veke og år etter år. Dei fortener mykje kred for jobben dei gjer! Elles er det så fint at elevane er samla. Eg kan setje meg ned med kven som helst av elevane og føle meg velkomen. Då kan vi snakke om korleis dagen har vore, kva vi skal gjere seinare på dagen – og vi kan kome på aktivitetar som vi vil gjere i lag etter kvelds. Middagane er som ein familiemiddag – for, ja: Vi er som ein stor familie på Vestborg, seier ho.

 

-       Eg likar også morgonsamlingane. Der får vi høyre andakt, der bli beskjedar gitt, og vi får også her kjenne på fellesskapet. Onsdagskveldane inneheld enten lagsmøte, møte eller bibelgrupper. På bibelgruppene får vi kome heim til personalet, og vi får høyre andre sine tankar om Bibelen og det kristne livet. Ja, eg likar eigentleg så å seie alt på Vestborg. Det er til dømes så fint å sitje på biblioteket og jobbe saman med andre med skulearbeidet. Då får vi hjelpe kvarandre med å hente ut potensialet vårt. Det er også enkelt å finne nokon å trene saman med, gå på tur, spele volleyball eller brettspel saman med.

 

-       Kva høgdepunkt har ein i løpet av eit år?

 

-       Dei fyrste vekene av kvart skuleår er ekstra kjekke. Då er det spennande å bli kjend med dei nye elevane, og det er masse sosialt som skjer. Julefesten seint i desember med god mat og god underhaldning byr også på gode minner. Elles så reiser vg2-klassen til Roma. Vi var der i fjor vår, og det var vilt bra! Eg gler meg over at årets vg2-klasse skal få same turen. 


Anne Marte har også mykje fint å seie om skulekvardagen.


-       Skulen er veldig bra. Vi har relativt små klassar, og det gjer at trivselen vert stor sidan vi blir godt kjende med medelevane våre. Vi jobbar godt som team. Til dømes ved gruppearbeid: Same kven eg kjem på gruppe med i små eller store gruppearbeid, så kjem eg på gruppe med nokon eg trivast saman med. Vi merkar også at lærarane er gode på kommunikasjon og oppmuntring, og at dei vil det beste for oss. Dei er også gode på tilrettelegging, sånn at vi får henta fram og vist kompetansen vi har i oss. Alt dette er med på å legge til rette for at vi elevar kan kjenne på meistring.


I tillegg til rolla å vere elev, så er Anne Marte med i miljøteamet på skulen. Miljøteamet, leia av ungdomsarbeidar Simon Morris, er ein gjeng på fem elevar som planlegg ulike aktivitetar for alle elevane på skulen.



-       Det er heilt topp å vere med i miljøteamet, og det har gitt meg så mykje. Sjølv om det av og til kan vere slitsamt, så er det så kjekt å få vere med å planlegge og gjennomføre ulike arrangement – som til dømes bading og leikaktivitetar i Helsemvika, speed-date tidleg på året der elevane blei betre kjende med kvarandre, samt lagshelg. I lagshelga arrangerte vi både møter med lovsong, peparkakehuslaging og skiaktivitet på Strandafjellet. Noko viktig eg har lært gjennom dette arbeidet, er at det ikkje er så viktig kor mange som kjem, men å gjere det bra for dei som kjem, fortel ho.

 

-       Kvifor skal ungdomar som vurderer Vestborg ta steget ut og bli elev ved skulen?

 

-       Eg kan berre snakke for meg sjølv, men det er så utruleg fint å vere ein del av eit så trygt fellesskap både på skulen og i fritida. Her opplever eg at medelevar og dei tilsette vil meg godt, og her opplever eg eit fellesskap som eg trur det ikkje er ei sjølvfølgje for ungdomar i Noreg i dag får oppleve. Alt dette gjer at eg kjenner meg som ein del i ein større heilskap som eg er trygg i. Vestborg er min andre heim. Ja, Vestborg har gitt meg så mykje at eg så gjerne vil at andre skal få oppleve det same som meg!

Share by: