Samanristingsturar

Vg3 var på Kaldhussæter, vg2 var på Fjellsetra og vg1 var på Orreneset.
Føremålet med turane var å byggje fellesskap innan klassetrinna i byrjinga av året.
På Orreneset hadde vg1 fyrst Bonhoeffer-vandring to og to. Kort fortald dreier deg seg å samtale om spørsmål som «Korleis er ein perfekt fridag for deg?».
I løpet av måndag og tysdag var det fritid med kanopadling og volleyballaktiviteten «Smash» - og pølsegrilling. Måndag kveld var det tid for leiken «Snik» i mørkeret. Her dreier det seg om å snike seg fram til eit mål utan å bli lyst på av læraren si lommelykt.
Undervisninga handla om korleis ein kan bidra til å skape god trivsel, samt ha livsmeistring.
Heftet «Velkommen til vår skole», som låg på alle sine rom ved skulestart, vart eit hovudtema. Det vart sett fokus på nøklane «Helse med namn», «Ros med grunngjeving», «Det er lov å gjere feil» og «Lytt til andre med oppriktig interesse». Som ei avslutning laga elevane eit skodespel om kvart av punkta.
Elles hadde ein opplæring i og øving i aktiv lytting – å vise samtalepartnaren din at du er der han eller ho er.
Ein starta også SAMM-undervisninga, «Systematisk arbeid med motivasjon, medvirkning og mestring». Det handlar om å få hjelp til å sjå kva ein er god på, kva som er viktig for ein, samt vite kva ein kan gjere når ein står ovanfor ein vanske. I fyrste rekke handlar det om å dele opp vansken i mindre bitar, samt vurdere om ein skal spørje andre om hjelp.
Det var også rom for å skrive gode ord til kvarandre på ein papptallerken.
Vi leiarar opplevde elevane engasjerte i høve til så viktige tema. Dette lovar bra for åra som kjem, både sosialt og fagleg.

Ivrige elevar under ei av øvingane

Det var sju artige dramainnslag med utgangspunkt i dei sju nøklane for å skape trivsel, henta frå heftet "Velkommen til vår skole"

I ein pause drog vg1-elevane sjølve i gong leiken "Mafia" på eige initiativ

Undervisning om aktiv lytting