Fullt hus og god stemning

September 11, 2025

vestborg.no har teke ein prat med rektor Jon Ove Holen 
 
- Vi er veldig godt nøgde med elevtalet vårt. Det er så å seie fullt på skulen, og vi har 94 elevar. 


 - Korleis har dei fyrste vekene vore? 
 
- Vi er alltid spente på å ta i mot nye vg1-elevar, men rapportane frå kontaktlærarane er at elevane er både engasjerte og veldig positive. Det lovar godt for dei komande skuleåra. Elles har alle tre trinna vore på samanristingsturar, og eg har berre fått gode tilbakemeldingar frå dei turane. Som eg så ofte har sagt før, så gjer personalet på Vestborg ein veldig god jobb, og det gjeld også for å legge til rette for ein god start på skuleåret. 


 - Kva blir viktig for Vestborg dette skuleåret? 

 - Det aller viktigaste dette året, som alle andre år, er å drive ein god skule. Vestborg har i fleire år hatt svært godt trivsel blant elevane, og vi skal halde fram med å gi elevane gode verktøy til å skape eit godt miljø. Det er også heilt avgjerande for god læring og gode resultat på skulen. Det kristne arbeidet er også svært viktig for oss. Vi ynskjer at morgonsamlingar, møter og bibelgrupper skal vere relevante for elevane. Til no i skuleåret har det vore svært mange elevar på onsdagsmøta og over 80 har meldt seg på bibelgruppe.


 - Trass i så å seie fullt hus, er det rom for å ta inn nye elevar? 


 - I vg1 er det helt fullt og venteliste. Det gjeld også vg2 idrett. I vg2 studiespesialisering og vg3 kan vi ta inn fleire. Men dersom ein skal bu på internatet, bør det helst vere jenter, sidan guteinternata er heilt fulle. Så dersom det er ei jente eller to som søkjer plass i vg3 - i stud. spes eller idrett - eller på stud. spes vg2, kan vi nok finne plass.