Småsøsken-helg på tunet

September 18, 2025

I helga, 19.-21. september, inviterer skulen yngre søsken av noverande elevar til tunet. Det er andre gong skulen har dette tilbodet. Skulen jobbar stadig for å gjere konseptet internatskulen Vestborg vgs meir kjend, og dette arrangementet er eit ledd i dette arbeidet.
 
Programmet er lagt til laurdag, men det er mogleg for yngre søsken å kome og vere heile helga.
Lærar Torstein Habostad og elevar frå vg1 har ansvar for dagen - og dei inviterer søsken frå 5 år til og med 10. klasse til arrangementet.

Det er vel også på sin plass å nemne at tilbodet er gratis. 😊
 
Ein kan også opplyse om at det framleis er mogleg å melde seg på gjennom å sende ein mail til
thabostad2@vestborg.no

 

Programmet kan du sjå her:


LAURDAG

      

  10:00 - 10:30  

 Frokost  


   11:00 - 12:00  

 Hinderløype  (For 5 år tom 4. klasse)

 Hinderløype og kanonball  (For 5.-10. klasse)

   12:30 – 14:00  

 Uteaktivitet, leik  (For 5 år tom 4. klasse)

 Volleyballturnering (For 5.-10. klasse)

   15:00 – 15:30  

 Middag m. andakt 


   16:00 – 16:45  

 Inneaktivitetar: Teikne, hobbyverkstad og spel 


   17:00 – 18:30  

 Film  

 

   19:30  

 Kveldsmat  

 

   20:30  

 Leggetid  (For 5 år tom 4. klasse)

 Elevkveld (Grab the mic)   (For 5.-10. klasse)

   22:30  

 Leggetid  (For 5.-10. klasse)