MENY

Ledig stilling som lærar


Vi har ledig stilling som lærar frå 1. august 2024.

 

Vestborg VGS er ein kristen vidaregåande skule med internat, som ligg i Stranda kommune på Sunnmøre. Skulen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband.

 

Vestborg VGS tilbyr utdanningsprogramma studiespesialisering, idrettsfag og påbygging. Skulen har om lag 80 elevar frå store delar av landet, og dei fleste bur på skulen sitt internat. Dei tilsette tek del i tilsynsordning og sosialpedagogisk arbeid i internatet.

 

Meir info om skulen på www.vestborg.no

 

Lærar - inntil 100 % stilling


Frå 1. august 2024 treng vi lærar i inntil 100 % stilling. Aktuelle fag er norsk, engelsk og naturfag, men andre fag kan også vere aktuelle.

 

Vi søkjer etter ein godt kvalifisert lærarar som kan samarbeide i eit tett og godt kollegium, og som kan trivast i eit spennande internatmiljø. Internatet gjev mange sosialpedagogiske og pedagogiske fordelar som ein kan dra nytte av inn imot undervisninga.

 

Vi tilbyr lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk. Gode pensjonsordningar.

 

Den som blir tilsett må levere politiattest.

 

Kvinner blir oppfordra til å søke på stillinga.

 

Vi ønskjer tilsette som kan identifisere seg med verdigrunnlaget vårt og som vil jobbe for den kristne målsetjinga til skulen.

 

For spørsmål eller informasjon kontakt rektor Jon Ove Holen, rektor@vestborg.no
tlf. 92 06 52 12. 

 

Søknad, CV og referansar kan sendast til: rektor@vestborg.no


Søknadsfrist: 01.05.2024


Oppstart: 01.08.2024


Share by: